ÅL ROTARY START og FORTID - NÅTID.
Ål rotaryklubb vart skipa etter initiativ
frå Finn Borgersen frå Holmenkollen Rotaryklubb.
Han hadde kjøpt seg fritidseigedom,
Kortgarden, i Øvre Ål, og som rotaryaner sakna han ein klubb i nærmiljøet til
sin fritidsbustad.
Nabokommunane Hol og Gol hadde sine
klubbar, og Finn sette seg i sving for å samle aktuelle medlemer i Ål, med
tanke på å skipa klubb også her.
Opptakten var eit møte mellom Finn og
dåverande rådmann
Olav Andersen på Kortgarden den 13.10.90.
Det vart i fyrste omgang skipa ei
arbeidsgruppe for å kartlegge om det var grunnlag for å skipa ein klubb.
Denne gruppa var samansett av Håkon Myro,
Stefan Stefansen, Olav Andersen og Sigurd Tveito.
Den 04.04.91, vart det arrangert eit
orienteringsmøte på Hallingdal Hotell for potensielle medlemer.
Håkon Myro fortalde om det arbeidsgruppa
hadde arbeidd med fram til dette møtet, og det viste seg å vera interesse for å
få til ei klubb.
Det vart skipa eit interimsstyre som vart
slik samansett:
President:
Håkon Myro (Kontorsjef Hallingdal
Brannkasse)
Visepresident: Stefan Stefansen(Hotelldir.
Hallingdal Hotell)
Kasserar:
Sigurd Tveito ( Distriktssjef i
PK A/S )
Sekretær:
Olav Andersen ( Rådmann i Ål )
Møtedagar vart fastsett til Torsdagar kl.
19 - 20 ( Vinter ) 20 - 21 ( Sommar )
Møtestaden var Hallingdal Hotell, og
medlemskontingent ut året 1991 vart sett til kr. 350,-.
Finn Borgersen gjorde ein kjempejobb i
arbeidet med å få klubben opp å stå, og han tok turen frå Oslo til Ål for å
delta på møtene praktisk tala kvar torsdag.
Finn skreiv ei statusrapport 15.09.91:
Det har vert holdt jevnlige møter gjennom første halvår, og ukentlig
fra 04.04.91, med tanke på å starte ny klubb i Ål.
I tillegg til ovennevnte interimsstyre, er det valgt nemnder:
Programutvalg: Sverre Høgberg
Atle Fosse
Fredrik C.
Lund
Festkomite: ( Med tanke på
Charterfest 30.11.91 )
Steinar
Sørbøen
Kåre Buseth
Ole Reidar Lågrinn ( Leder )
Håkon Myro
I starten var møtene prega av rekrutteringsarbeid, men har etter hvert
utvikla seg til mer ordinære møter med foredrag og lignende.
Frammøte er registrert fra og med møte 15.08.91.
Pr. 01.08.91 var det på vår foreløbige navneliste 26 aktuelle
medlemskandidater. Med dette utgangspunkt ble det sendt ut følgende innbydelde:
Ål Rotaryklubb begynner nå
å ta form, og vi starter for fullt etter ferien.
( Så langt Finn sin statusrapport )
Grunnlaget for ein klubb med minimumsantal
på 25 medlemer var nå lagt, og offisiell anmodning om medlemskap i Rotary
International med 28 kvalifiserte søkarar pr. 16.09.91, vart sendt gjennom
autorisert tenesteveg.
Gjennom brev datert 21.10.91 er ÅL
Rotaryklubb bekrefta opptatt den 16.10.91 som medlem i Rotary International.
Det vart arrangert charterfest den
30.11.91, der det i tillegg til medlemene med følge var invitert:
Guvernør Arne Naper
Past Guvernør Arne Kjekshus
Initiativtakar Finn Borgersen
Fadderklubb rep. Petter S Gulbrandsen
Naboklubbane Geilo,
Gol, Nesbyen
Festen var svært høgtideleg og eit godt
minne for alle som var til stades.
Ål rotaryklubb var svært engasjert i
fleire aktuelle problemstillingar for Ål Kommune.
Det kan nemnast NSB sitt rutetilbod,
marknadsføring av næringslivet over for hytteeigarar, og ikkje minst arbeidet
med å få skipa Luftambulanseteneste i ÅL.
To av medlemene ( Ola Rygg og Trond
Kleppen) i den gruppa som gjorde ein fantastisk jobb i arbeidet med å få
etablert luftambulansen, kom frå Ål Rotaryklubb.
Dei lukkast med prosjektet på grunn av
svært profesjonelt utført arbeide. Den som las rapporten frå denne gruppa var
ikkje i tvil om kvar basen skulle ligge.
På møta var det ei god blanding av
eksterne foredragshaldarar og medlemene som fortalde om seg sjølv og sitt liv.
Det siste svært viktig med tanke på å bli
betre kjent.
I 1993 tok klubben på seg å vera vertskap
for GSE studentar frå USA og Canada.
Der me stod for innkvartering og
aktivisering i fleire dagar.
Fleire av medlemene la ned mykje arbeid i
samband med dette. og Liatoppen var behjelpeleg med rimeleg innkvartering.
Dette var svært interessant, men altfor
dyrt for ein nystarta klubb utan oppspara midlar.
Klubben sleit med økonomien i lang tid
etter dette.
Opp gjennom tida har det vore fleire
ideear om ting å engasjere seg i, utan at alt er gjennomført.
Det var blant anna seriøst diskutert å få
i stand ein Fårikålfestival, der saueprodukt skulle stå sentralt.
Det vart ikkje noko av den.
Klubben har arbeidd med rekruttering av
medlemer stort sett heile tida, men arbeidet har gått litt for mykje i rykk og
napp, og for lite resultatorientert.