PROSJEKTER / ELVELANGS

Ål Rotary ønsker å bidra med dugnadsarbeid i forbindelse med ett spennende prosjekt som kjem til å gi innbyggere og besøkere på Ål nye muligheter.  Vi ønsker dere velkomne til å se inn i fremtiden til Ål's utvikling. Ett spennende foredrag som du godt kan invitere flere til å komme til.

Fra Hallingdølen 26 november 2018:

Det har lenge vore planlagd å få på plass ein turstig frå Hallingdal Feriepark til Ål Idrettspark på Bråta. No har kommunen innvilga rammeløyve, slik at det praktiske arbeidet kan kome i gang. Sjølve bygginga startar til våren, og vil gå føre seg i perioden april-oktober i 2019 og 2020.

Dugnadsjobb

Den nye turstigen skal starte ved Hallingdal Feriepark. Derifrå går han frå stasjonsbrua, langs elva forbi Ål Idrettspark, Bråta, langsmed Oppsjø og heilt ned til Ål Camping. Via Hallingdal Feriepark blir han også knytt saman med alt eksisterande turstig frå Hallingdal Feriepark, oppover langs elva og Strandafjorden. Etter planen skal det også etablerast fleire fiske- og rasteplassar langs stigen. I tillegg finst det planar for etablering av ny badeplass ved Oppsjø. Prosjektet er eit samarbeid mellom Ål idrettslag og Ål kommune, men det er idrettslaget som står som tiltakshavar.

Tilgjengeleg for alle

Med seg på laget har dei også fleire titals andre samarbeidspartnarar. Planane er utarbeidd av Asplan Viak AS. Budsjettet er rekna til nærare 15 millionar kroner. Før byggearbeidet kan starte må utbyggjaren få løyve til setje igang. Turstigen er i hovudsak tenkt som ein smal køyrbar gangveg, med eit forsterkande lag av knust fjell, eit berelag og eit godt lag med grus som set seg i toppsjiktet. Strekningen mellom Bråta og det gamle renseanlegget på Oppsjø skal etter planen bli tre meter brei. Mellom Oppsjø og Ål camping blir breidda nedjustert til to meter.


https://www.youtube.com/watch?v=Bdm4z5C39C0


Møteinformasjon

Møtested: Thon Hotell Hallingdal
Adresse: Sundrevegen 85
Postnummer: 3570
Sted: Ål
Land: NO
Møtedag: Mandag
Møtetid: 20:00
Møtespråk: no



Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

Loading RSS...

District - Rotary RSS

Loading RSS...