Torleif Bjella fortalde om Upstream

Me fekk høyre eit engasjert innlegg av Torleif Bjella om opprett på land, som ein kraftintensiv industri. Saman med Jørn-Gunnar Jacobsen driv og satsar han i selskapet Upstream. 
Det kan koma til å dreie seg om eit anlegg på 25.000 kvadratmeter i Kleivi Næringspark med oppdrett av regnbogeørret. I tillegg er det planlagt drivhus med produksjon av grønsaker, eit viten- og besøkssenter og biokull-anlegg. Målet er 93 årsverk med ein estimert prislapp på 1,5 - 2 milliardar kroner.