EGOFOREDRAG AV LEIF KÅRE ØDEGÅRD

Måndag 4. mars fortalde Leif Kåre om sitt spennande og allsidige liv, så langt. Ikkje minst om sitt liv og virke innanfor handel, men òg auksjon.
No er det sonen, Vegard som har teke over som dagleg leiar i Ødegård Bunadshandel AS. 
Det er eit bunadsimperium. I 1985 tok han til med klesbutikk, som han kjøpte av Ola Perstølen.

Dette vart seinare til herrebutikk, så til bunadsbutikk. Her har Ødegård 55 ulike herrebunadar å velje mellom,
og langt over 40 damebunadar. Leif Kåre har til og med gard. 
Ødegård har arbeida dag og natt for den solide butikken har vorte i dag. 
Skapa framfor å gapa. Yte før å nyte har vore varemerke til den humoristiske og slagferdige Leif Kåre.