PAUL HARRIS FELLOW TIL ANDERS CARLBOM
Det vart ei høgtidsstund i Ål Rotary måndag kveld 4. mars. Klubben fekk besøk av sjølvaste Immediate Past District Gouvernor (IPDG) i distrikt 2310, Terje J. Løken (medlem i Nesbyen Rotary).
Vår eigen medlem, Anders Carlbom fekk tildelt Paul Harris Fellow for sin store innsats gjennom fleire verv i distrikt 2310.
Dessutan var Carlbom president i Ål Rotary i 2 år. Dette i perioda 2019 - 2021. Eit år lengre enn det som er vanleg.
PHF er ei stor ære å motta for sitt samfunnsgagnelege arbeid. Dette til ein ekte rotarianar! Som til dagleg er leiar for Gol Kjøl og Frys AS.
Anders Carlbom mottok gode ord, sertifikat, medalje og jakkeknapp av Terje J. Løken.
Foto: Olaf Buseth