HELGE LUND PÅ MØTE I ÅL ROTARY
Den norske og internasjonale næringslivsleiaren, men òg hytteålingen, Helge Lund vitja møte i Ål Rotary måndag 26. februar med fullt hus frå eit engasjert publikum på Thon Hotell. Tema for kvelden var : "Energimarknaden i endring!".
Mest kjend er Helge Lund som tidlegare konsernsjef i Statoil (2004 - 2014).
No som styreleiar både i det britiske multinasjonale olje og gasskonsernet BP, og i det danske legemiddelfirmaet Novo Nordisk.