STOR KVELD MED OLE JOHS BRYE

Fotograf og Rotary-medlem, Ole Johannes Brye trollbandt eit rikhaldig publikum i 75 minuttar på Thon Hotell med dempa bakgrunnsmusikk.

Fleire hundretals bilete vart engasjert synt fram med eit historisk attandeblikk frå oppstarten til far, fotograf Johannes K. Brye (fødd 1902), som starta opp Brye Foto & Musikk i 1938.

Han vart interessert i foto då han gjekk på Danvik Folkehøgskule i Drammen, og kjøpte sitt fyrste kamera for 10,- (ti kroner)!


Ole Johannes er fødd i 1955. Allereie som ein ung kar, rundt 1975, vart han introdusert for faget, som han heile livet har drive på med. Faren døydde i 1977, og Ole Johannes overtok firmaet på slutten av 1970-talet. Det har vore ei rivande utvikling, og i dag satsar Ole Johannes stort på digital fotografering. Dette både i inn- og utland.


Blant anna fekk me i foredraget og bileteframvisinga høyre spanande informasjon og fakta om korleis Ål sentrum har vorte til, og slik det framstår i dag, og kva som har skjedd på vegen.


Brye-familien kjem frå Søre Brye i Nord-Hovet. Det er fire kjende fotografar Brye. Lars Brye (1904 – 1988) var bror til Johannes, og dreiv suksessrikt som fotograf på Eidsvoll i heile 41 år. Johannes reiste til bror for å sjå på verksemda som han hadde starta, og var mektig imponert! Han bestemte seg difor for å starte opp her i Ål. Knut Brye (fødd 1946) er òg ein kjend fotograf innanfor reklame og motebransjen. Knut har vunne fleire prisar.

Tekst Tore Arnegard 22 april 2024



 


Møteinformasjon

Møtested: Thon Hotell Hallingdal
Adresse: Sundrevegen 85
Postnummer: 3570
Sted: Ål
Land: NO
Møtedag: Mandag
Møtetid: 20:00
Møtespråk: no


Klubbens møter denne måneden

Skogparken.

2024-05-06 19:00 - 21:00

Møtefri ( 2 dag pinse )

2024-05-20 20:00 - 21:00

Skogparken.

2024-05-27 19:00 - 21:00

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

Loading RSS...

District - Rotary RSS

Loading RSS...