KLUBBEN / KLUBBENS HISTORIE

ÅL ROTARY START og FORTID - NÅTID.

 

Ål rotaryklubb vart skipa etter initiativ frå Finn Borgersen frå Holmenkollen Rotaryklubb.

Han hadde kjøpt seg fritidseigedom, Kortgarden, i Øvre Ål, og som rotaryaner sakna han ein klubb i nærmiljøet til sin fritidsbustad.

Nabokommunane Hol og Gol hadde sine klubbar, og Finn sette seg i sving for å samle aktuelle medlemer i Ål, med tanke på å skipa klubb også her.

Opptakten var eit møte mellom Finn og dåverande rådmann

Olav Andersen på Kortgarden den 13.10.90.

Det vart i fyrste omgang skipa ei arbeidsgruppe for å kartlegge om det var grunnlag for å skipa ein klubb.

Denne gruppa var samansett av Håkon Myro, Stefan Stefansen, Olav Andersen og Sigurd Tveito.

 

Den 04.04.91, vart det arrangert eit orienteringsmøte på Hallingdal Hotell for potensielle medlemer.

 

Håkon Myro fortalde om det arbeidsgruppa hadde arbeidd med fram til dette møtet, og det viste seg å vera interesse for å få til ei klubb.

Det vart skipa eit interimsstyre som vart slik samansett:

 President:     Håkon Myro  (Kontorsjef Hallingdal Brannkasse)

 Visepresident: Stefan Stefansen(Hotelldir. Hallingdal Hotell)

 Kasserar:      Sigurd Tveito   ( Distriktssjef i PK A/S )

 Sekretær:      Olav Andersen   ( Rådmann i Ål )

 

Møtedagar vart fastsett til Torsdagar kl. 19 - 20 ( Vinter ) 20 - 21 ( Sommar )

 

Møtestaden var Hallingdal Hotell, og medlemskontingent ut året 1991 vart sett til kr. 350,-.

 

Finn Borgersen gjorde ein kjempejobb i arbeidet med å få klubben opp å stå, og han tok turen frå Oslo til Ål for å delta på møtene praktisk tala kvar torsdag.

 

Finn skreiv ei statusrapport 15.09.91:

Det har vert holdt jevnlige møter gjennom første halvår, og ukentlig fra 04.04.91, med tanke på å starte ny klubb i Ål.

 

 

 

I tillegg til ovennevnte interimsstyre, er det valgt nemnder:

    Programutvalg: Sverre Høgberg

                   Atle Fosse

                   Fredrik C. Lund

                  

    Festkomite: ( Med tanke på Charterfest 30.11.91 )

                   Steinar Sørbøen

                   Kåre Buseth

                   Ole Reidar Lågrinn  ( Leder )

                   Håkon Myro    

 

I starten var møtene prega av rekrutteringsarbeid, men har etter hvert utvikla seg til mer ordinære møter med foredrag og lignende.

Frammøte er registrert fra og med møte 15.08.91.

Pr. 01.08.91 var det på vår foreløbige navneliste 26 aktuelle medlemskandidater. Med dette utgangspunkt ble det sendt ut følgende innbydelde:

      Ål Rotaryklubb begynner nå å ta form, og vi starter for fullt etter ferien.

( Så langt Finn sin statusrapport )

 

Grunnlaget for ein klubb med minimumsantal på 25 medlemer var nå lagt, og offisiell anmodning om medlemskap i Rotary International med 28 kvalifiserte søkarar pr. 16.09.91, vart sendt gjennom autorisert tenesteveg.

Gjennom brev datert 21.10.91 er ÅL Rotaryklubb bekrefta opptatt den 16.10.91 som medlem i Rotary International.

 

Det vart arrangert charterfest den 30.11.91, der det i tillegg til medlemene med følge var invitert: 

                   Guvernør           Arne Naper

                   Past Guvernør      Arne Kjekshus

                   Initiativtakar     Finn Borgersen

                   Fadderklubb rep.   Petter S Gulbrandsen

                   Naboklubbane       Geilo, Gol, Nesbyen

 

Festen var svært høgtideleg og eit godt minne for alle som var til stades.

 

Ål rotaryklubb var svært engasjert i fleire aktuelle problemstillingar for Ål Kommune.

Det kan nemnast NSB sitt rutetilbod, marknadsføring av næringslivet over for hytteeigarar, og ikkje minst arbeidet med å få skipa Luftambulanseteneste i ÅL.

To av medlemene ( Ola Rygg og Trond Kleppen) i den gruppa som gjorde ein fantastisk jobb i arbeidet med å få etablert luftambulansen, kom frå Ål Rotaryklubb.

Dei lukkast med prosjektet på grunn av svært profesjonelt utført arbeide. Den som las rapporten frå denne gruppa var ikkje i tvil om kvar basen skulle ligge.

 

På møta var det ei god blanding av eksterne foredragshaldarar og medlemene som fortalde om seg sjølv og sitt liv.

Det siste svært viktig med tanke på å bli betre kjent.

 

I 1993 tok klubben på seg å vera vertskap for GSE studentar frå USA og Canada.

Der me stod for innkvartering og aktivisering i fleire dagar.

Fleire av medlemene la ned mykje arbeid i samband med dette. og Liatoppen var behjelpeleg med rimeleg innkvartering.

 

Dette var svært interessant, men altfor dyrt for ein nystarta klubb utan oppspara midlar.

Klubben sleit med økonomien i lang tid etter dette.

 

Opp gjennom tida har det vore fleire ideear om ting å engasjere seg i, utan at alt er gjennomført.

Det var blant anna seriøst diskutert å få i stand ein Fårikålfestival, der saueprodukt skulle stå sentralt.

Det vart ikkje noko av den.

 

Klubben har arbeidd med rekruttering av medlemer stort sett heile tida, men arbeidet har gått litt for mykje i rykk og napp, og for lite resultatorientert.



 

                             


Møteinformasjon

Møtested: Thon Hotell Hallingdal
Adresse: Sundrevegen 85
Postnummer: 3570
Sted: Ål
Land: NO
Møtedag: Mandag
Møtetid: 20:00
Møtespråk: no



Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

Loading RSS...

District - Rotary RSS

Loading RSS...